June Hansen, kona til Sig, ville gjerne ha måleriet av «Sildakånå» som hang på Mortholmen Sildasalteri. Og det fekk ho. – Sildakånå fekk seg ei lang reise då ho utvandra frå Åkra til Amerika og heim igjen. No har ho kome heim att til Mortholmen, der ho høyrer heime, fortel June Hansen. Foto: Johan Knutsen

June Hansen, kona til Sig, ville gjerne ha måleriet av «Sildakånå» som hang på Mortholmen Sildasalteri. Og det fekk ho. – Sildakånå fekk seg ei lang reise då ho utvandra frå Åkra til Amerika og heim igjen. No har ho kome heim att til Mortholmen, der ho høyrer heime, fortel June Hansen. Foto: Johan Knutsen

«Sildakånå» førte dei tilbake til Mortholmen (Karmøynytt)

Det starta med eit måleri, fortel krabbefiskar Sig Hansen om kjøpet av Mortholmen Sildesalteri. No har han pussa opp bygget og opna dørene i samarbeid med Kjentfolk Vestlandet AS.

Ytterst på moloen på åkra ligg Mortholmen Sildesalteri. Der vart det salta sild og makrell fram til 1970. I seinare tid gjorde brørne Ludvig og John Ståle Egge det gamle salteriet om til kulturhus og selskapslokale.

Etter å ha vore i familien Egge sitt eige sidan 1931, kjøpte krabbefiskar og TV-profil Sig Hansen seg inn i 2020, og overtok seinare heile eigarskapet. I hans eige har det historiske bygget blitt totalt renovert.

Onsdag 23. april markerte starten på eit nytt kapittel for Mortholmen, då Sig Hansen og Kjentfolk Vestlandet AS inviterte til «Grand opening» for spesielt inviterte gjester.

Sig Hansen er tydeleg på at han vil bevise kva den historiske bygningen kan brukast til.

– Me går jo inn i eit partnarskap med Kjentfolk Vestlandet AS, og dei vil bevise kva dei kan få til, og eg vil bevise kva bygningen kan nyttast til, seier Hansen.

Frå måleri til heile Mortholmen

– Sidan eg var barn har me vore her ute, og eg har fiska med bestefar min på moljå, så eg har alltid visst om denne plassen her, fortel Hansen, og legg til:

– Faktisk var den første teina eg hadde bygd som barn laga av materiale frå dette bygget. Me hadde lurt oss inn og stole material for å lage den.

I Seattle fekk Hansen høyre om eit måleri av «Sildakånå» som kona hans, June, likte så godt.

– Me kjøpte først måleriet, og så, bessede, vart det trekvart av bygget, før det vart 100 prosent, og så vart det tomta. Så det byrja med eit måleri, og så bala det på seg, seier Hansen.

June, som sjølv er frå Sevland, fortel at dei også vart inspirerte etter å ha vore i bryllaup i lokala til Mannes pub, der Svein Arve Mannes har gjort om eit gammalt båtbyggeri til selskapslokale.

Då dotter deira, Mandy, skulle gifte seg, fekk dei beskjed om å gå å sjå på Mortholmen:

– Når me fekk sjå det svære flotte lokalet, så forelska me oss i Mortholmen, seier June.

Les hele artikkelen på her: https://www.karmoynytt.no/sildakana-forte-dei-tilbake-til-mortholmen-det-byrja-med-eit-maleri-og-sa-bala-det-pa-seg/s/5-161-61004

Andre nyheter