Sig Hansen og eventbyrået Kjentfolk Vestlandet AS førebur seg på nyopning av Mortholmen. Med den unike lokasjonen og eit engasjert team, ligg alt til rette for ein spennande sommar på den historiske holmen.
Mortholmen Sildesalteri vart bygd i 1918, og var i familien Egge sit eige frå 1931. Krabbefiskar og TV-profil Sig Hansen, kjøpte seg inn i 2020, og overtok seinare fullt eigarskap.
Mortholmen har blitt nytta som kulturhus og selskapslokale i ei årrekke, men har dei siste åra gjennomgått ei totalrenovering. No ventar generalprøva.
Torsdag 23. april inviterer Hansen og eventbyrået Kjentfolk Vestlandet AS til opningsfesten, som markerer starten på eit nytt kapittel for den historiske holmen.